HAREID PORT
Hamneregulativ
Lovheimel:
Farvassavgift: Forskrift av 11.12.2019 nr 1838 i medhald av § 36 i Lov om havner og farvann nr 70 av 21.06.2019 Avfallsgebyr: Forskrift om avgrensing av forureining (FOR 2004-06-01 nr 931) Tryggleiksgebyr (ISPS): Forskrift om sikkerhet og terrorberedskap i norske havner (FOR 2004-06-22- 972), Sakshandsamingsgebyr: av Lov om havner og farvann nr 70 § 33, med tilhøyrande forskrifter.
Saksopplysningar:
Farvassavgifta skal ikkje være større enn kommunen sine kostnader ved å utføre oppgåvene nemnt i havne- og farvannsloven § 36 andre ledd:
1. nødvendig isbryting og fjerning av gjenstander som hindrer sjøtransporten eller er til fare for ferdselen i kommunen sitt sjøområde, jf. § 6
2. utøvelse av offentlig myndighet med hjemmel i denne loven med forskrifter
3. farvannsskilt og navigasjonsinnretninger som kommunen eier.
Kommuneloven § 15-1 med tilhøyrande forskrifter om berekning av sjølvkost gjeld med mindre anna følgjer av havne- og farvannsloven med tilhøyrande forskrifter.
Hareid kommune har avtale med Ålesund hamnevesen om innkrevjing av avgifter og med DIMO AS om drift av Hareid godsterminal
Lovheimel:
Farvassavgift
Rett fastsett farvassavgift - stopp i innkrevjing
Hareid Hamnevesen krevde ikkje farvassavgift i 2023 og vil heller ikkje krevje farvassavgift i 2024. Ordninga er mellombels og vil bli teke opp til ny vurdering når hamneregulativet for 2025 skal vedtakast
Avfall- og sakshandsamingsgebyr
Avfallsgebyret gjeld renovasjonstenester som Hareid hamnevesen formidlar eller stiller til disposisjon etter nærare reglar. Gebyret er generelt og krevjast inn uavhengig av eventuell avfallslevering. Prisar på levering av avfall vert gjeve på førespurnad til havneadministrasjonen. Det vert lagt eit påslag på 20% på prisar som vert henta inn av hamnevesenet. Levering må tingast på vekedagar, minimum 24 timar før anløpet.
Avfallsgebyr
Sakshandsamingsgebyret gjeld handsaming av søknad om løyve eller godkjenning av innretningar eller aktivitetar, samt kontrolltiltak og tilsyn.
Sakshandsamingsgebyr
Bruk av hamna sin infrastruktur
Vederlag for infrastruktur er betaling for bruk av kai, kaiareal, fasilitetar og andre anleggsmiddel som høyrer til Hareid kommunale hamnevesen (Hareid hamn). Alle prisar er å oppfatte som eks. mva.
Hareid hamn tek atterhald om prisjusteringar og feil.
Kaivederlag - Betaling for skipet sin bruk av kaia*
Eit skip som fortøyar på sida av eit anna skip som ligg ved kaia, skal betale kaivederlag som om skipet var fortøya til kaia
*Eit skip som ankrar på tilvist / eigna ankringsstad vert ikkje belasta for kaivederlag. Eventuell assistanse frå hamnevesenet vert fakturert etter gjeldande satsar for utleige av utstyr og personell, jfr. kap. 2.1.5. i dette regulativet.
*I 2024 får hamnesjefen mynde til å kunne tilby cruiseoperatørar /-rederi, tilbod om eitt gratis prøveanløp, dersom det vert sett fram krav eller spørsmål om dette. Det vil i slike høve ikkje verte kravd betaling for bruk av kai / tenderkai. Det vert heller ikkje rekna ISPS-vederlag. Straum, vasslevering og andre tenester skal fakturerast etter dette betalingsregulativet.
Kansellering
Ved kansellering av cruiseanløp gjeld fylgjande:
Andre, direkte kostnader, som kjem som følge av ei kansellering vil bli belasta skipet. Kanselleringsgebyr vil ikkje bli belasta ved endring av dato og/eller endring av skip, så langt det er mogleg å gjere endringar, basert på kapasitet
Minstepris kaivederlag
Kaivederlag Årsbasis - yrkesfartøy under 20 meter
Kaivederlag - lystfartøy og yachter
Lystfartøy og yacht med lengde over 24 meter betaler kr 5,- pr. BT.
Kaivederlag - lystfartøy og yachter
Opphald ved kaia på inntil ein time er vederlagsfritt.
Betalande båtgjestar har fri tilgang til vaskerom, dusj og toalett i gjestehamna
Ved manglande betaling vert det utferda eit straffegebyr på kr 500,- pr. døgn i tillegg til det aktuelle vederlaget. Hareid hamn nyttar applikasjonen GOMARINA, alternativt Vipps, som føretrekte alternativ for betaling av kaileige
Satsar for utleige av fjordsauna-hareid gjestehamn
*prisen gjeld også for barne, og honnørbillettar.
Hareid fjordsauna er ein integrert del av servicebygget i gjestehamna. Tilbodet er ikkje avgrensa til betalande båtgjester. Båtgjestar og andre har lik tilgang til å nytte saunaen gjennom eit bookingsystem, der det vert høve til å leige saunaen privat, alternativt å tinge enkeltbillettar i dei tidene som vert stilt til disposisjon for felles saunabad. Saunaen har maksimalt plass til 12 personar samstundes og det vert separate dusj- og toalettfasilitetar for dei som nyttar saunaen. Det vert og fri tilgang til takterasse. I drop-in perioden vel vi å sette ei kapasitetsgrense på 6 personar, slik at dei som kjøper enkeltbillettar skal vere sikre på at det aldri blir stor trengsel i saunaen.
Tilbodet er nytt av året i 2024 og dette første året, ynskjer ein å sette ein låg introduksjonspris. Normal pris for liknande tilbod er ein del høgare og det må påreknast at det kan bli naudsynt å nærme seg det gjengse prisnivået i påfølgjande år.
Tryggleiksvederlag
Betaling for bruk av offentlege ISPS-terminalar
Fartøy som betalar ISPS-vederlag pr. passasjer belastast ikkje med ISPS-vederlag pr. tonnasje.
Vederlag adgang til ISPS-terminaler og kaier
Varevederlag
Betaling for vara si bruk av kaia og bakarealet
Rabattar
Lasteskip, ro-ro skip, brønnbåtar og containerskip i utanriks og innanriks rutefart som nyttar seg av offentlig kai som fast anløpsstad i si rutefart, får ein mellombels rabatt for kaivederlag. Rabatten på 15% vert gitt på grunnlag av seglingsplan levert til Hareid hamn. Seglingsplanen må minst dekke ei tidsperiode på 3 månader.
Transportoperatøren vert godskriven ein rabatt på 10% dersom det er innlevert lasteoppgåve seinast 14 dagar etter fartøyet sin avgang.
Tilfeldig larging - arealvederlag
Betaling for bruk av offentlege ISPS-terminalar
Fartøy som betalar ISPS-vederlag pr. passasjer belastast ikkje med ISPS-vederlag pr. tonnasje.
Innkomande container berekna for utgåande varer skal ikkje betale arealvederlag for dei første 48 timane, dersom same container vet skipa ut igjen over kaia. Dersom containeren vert skipa ut på annan måte, eller skipast ut tom, skal det også bereknast arealvederlag for dei første 48 timane.
Passasjervederlag - Betaling for bruk av passasjerfasiliteter og tenderkai
For pristilbod på ventekai, årsbetalande og langtidsliggande, ta kontakt med hamneadministrasjonen, telefon 919 13 675.
HYGIENESERTIFIKAT
Fartøy som tingar hygienesertifikat bes ta kontakt med hamneadministrasjonen for opplysningar.